Monday, April 9, 2007

San Fransisco, California

Vårt første møte med San Fransisco.



Morgenen etter var vi klare for sjarmøretappen, siste reisa vår inn til San Fransisco. Det var både litt trist og godt på same tid. Trist fordi vi hadde fått nye venner som vi nok aldri kom til å sjå att, og godt sidan enkelte var bjynt å bli veldig travle og sytete på slutten.

Vi kom inn til den frisinna byen, en gang staden der hippar strøymde til og der det fortsatt heng igjen nokre av denne sorten. Vi køyrde forbi Fisherman's Wharf, San Fransisco's store turistfelle, og vidare ut til sjølve symbolet på San Fransisco, Golden Gate Bridge.

Golden Gate Bridge i San Fransisco, California



Meg, Ben, Ragnhild og Lene foran Golden Gate Bridge.



Team Norway!


Der var vi ut og tok nokre bilder i full fart sidan det var en iskald vind der, mykje på grunn av den konstante havskodda som heile tida ligg utenfor kysten. Sidan køyrde vi innatte til sentrum og fann fram til hostellet vi skulle sove på.




En av dei mange bratte bakkane i sentrum av San Fransisco.


Det var ikkje så langt ifra der dei andre frå turen hadde innlosjert seg så vi klarte å holde kontakten litt lenger. Denne siste kvelden var vi ute på byen og åt en bedre middag på en vietnamesisk resturant, så var det en siste tur ut på livet.

Morgenen etter fekk eg spørsmål om eg ville vere med på en baseball-kamp, noke eg selfølgelig takka ja til. Eg hadde no aldri vore med på noke sant før, so dette skulle bli moro. Kvelden kom og eg og Ben fann oss en buss som gjekk til stadion. Der var det alt bjynt å samle seg opp med folk. Vi hadde møtt ekstra tidlig opp sidan vi måtte kjøpe oss billettar, så vi hadde et par timar å slå ihjel før dei opna dørene.

Ben ville prøve politibil...

Vi tok oss ei runde rundt i byen og såg oss om før vi snudde tilbake og stilte opp foran porten. Ved inngangen fekk vi, som en av dei tjue tusen første som møtte opp, utdelt ei nikkedukke av ein av spelarane på San Fransisco Giants, en fin souvernir.

Vanvittig med folk!

Min første baseballkamp.

Eg vart overraska over kor mykje folk der var. Tribunene var fulle og eg har aldri sett so mykje folk på en plass før. Det var heilt vanvittig! So starta kampen. Eg som ikkje har peiling på verken regla eller vanlig oppførsel på en slik kamp, fant det best å ikkje heie på verken det eine eller det andre laget... Men eg kom no inni det etter kvart, og fann ut at det her virkelig var morro. På slutten var eg omlag på lik linje med dei som sat ved sida av meg. Eg fekk tilogmed sjå ein homerun! Ekje verst på fyste kampen.

Jeremy og Chi nyt deilig fiskesuppe i sourbread på Fisherman's Wharf.

Alcatraz, fengselet der ingen kunne rømme fra.


Neste dag brukte vi flittig til inspeksjon av det som var hovedattraksjonane i byen. Vi følgde trikk og reiste ut til Alcatraz, åt på Fisherman's Wharf og selfølgelig handla en heil del souvervira. Så kom då den dagen vi skulle reise vidare til vårt neste mål, Cuba. Som vanlig hadde vi det med å vere en smule treige, so vi fekk litt hastverk med å rekke flyet. Men heldigvis gjekk det bra denne gongen og.

Yosemite, California

Her er det knappe to timar til vi er på toppen.


Vel framme såg vi for det meste berre skog og granitt, men etter en tur inn til Yosemite Valley og ein fantastisk tur opp på Half Dome, vart inntrykket straks endra. Det opna seg en verden av fantastiske framtidige fjellturar og ei utsikt ulik noke anna eg har sett.


Her står eg på toppen med 1300 m fritt fall under.


Det var gigantiske granittkolossar so langt auget kunne sjå, og 4000 fot (1300 m) under nasetippen låg Yosemite Valley, ein vakker grøn dal med elva Merced River i midten. Toppen på Half Dome ligg 8800 fot over havet (2900 m.o.h.). Turen opp på toppen av Half Dome tok omlag fire timar.


Ein av dei vakre fossane på vei opp til Half Dome.


Det var ikkje vanskelig å finne fine motiv på denne turen.



Dei første par timane var variert terreng der det veksla mellom bratte bakkar og flate strekker. Dei to neste timane gikk rett oppover, og då særleg den siste halve timen. Der gikk vi og holdt oss i to virar som var strekte opp for sikkerhetens skuld, men det hadde vore umulig å ta seg opp til toppen utan klatreutstyr dersom desse virane ikkje var der.



Her får du kanskje en liten anelse om kor bratt den siste biten var.

Trass alt slitet var det virkelig verdt kvar einaste svettedråpe når vi nådde toppen. Det var fantastisk!


Det var en herlig følelse å stå på toppen av Half Dome.

Etter denne strabasiøse turen var det godt å sette seg ned på ei pizza-sjappe nede i sentrum. Resten av kvelden blei rein avslapping og skvaldring rundt bålet.

Las Vegas, Nevada

Neste morgen satt alle spente på kva som venta oss denne dagen. Dette var dagen vi skulle inn til verdens største pengesluk, og et symbol på en del av amerikansk kultur, Las Vegas.



Vi kom fram til Las Vegas utpå ettermiddagen en gong, akkurat tidleg nok til at dei som ville det rakk å ta seg en tur til ein av dei gigantiske "shoppingbyane" rett utanfor sentrum. Vanlegvis ser ein for seg eit stort shoppingsenter, men her var det gate på gate med "outlets", eller som vi seier, fabrikkutsalg. Kle er i det store og det heile en del billegare i USA enn her heime, men når du attpåtil somlar deg inn på eit outlet, blir prisane latterlege. Men det skal vel vere sagt at det som blir solgt på eit outlet er stort sett fjorårets mote, så heilt moderne blir du kanskje ikkje, men ein kan finne mykje fint fordet. Vi var vertfall på jakt etter noke å kle seg opp med når vi skulle på kasino i Las Vegas. Vi kunne liksom ikkje komme tuslande i en slitt shorts og slippersa. Vi leita og leita, og til slutt fann no alle noke dei kunne seie seg fornøgde med. Så var det tilbake til hotellet vårt, som var en smule nedslitt, men heilt greit til sitt bruk. Full fart for å rekke en middag og so var det ut på livet for dei som var klare for det. Eg orka ikkje noke tur ut den første kvelden, men fekk meg en tur på kasino neste kveld, etter en veldig spennande dag.



Dag nummer to i Las Vegas starta tidlig for Team Norway sin del. Vi hadde nemlig bestillt tur opp i et lite fly over Hoover Dam for so å hive oss ut og nyte utsikten. Vi skulle egentlig opp alle tre, men på grunn av en sur misforståelse der det synte seg å berre vere plass til to i flyet, blei det berre meg og Ragnhild som hoppa. Det var litt av et kick! Det var en herlig følelse og sveve, fri som fuglen ned mot jorda, i full fart, men samtidig vete at det var heilt trygt. Han duden som hang fast på ryggen min ville vel aldri slenge seg ut av et fly viss han ikkje mente det var trygt, og han visste ka han dreiv med. Etter eit vellykka hopp spanderte Ben en bedre lunch på oss, så vi drog til Hilton Hotel og fråtsa i lunch-buffèten der. Det var en nydelig buffèt, virkelig verdt kvar ei krone... Men so slapp vi jo å betale sjølve og då. På kvelden var det som nevnt en tur ut på livet, The Strip, og selfølgelig på kasino. Det var dei av oss som faktisk klarte å vinne peng på heile greia, men eg var nok dessverre ikkje en av dei.



Etter å ha slått ut håret i Las Vegas bar dem mot litt meir naturlige utfoldelsar i Yosemite National Park. Men før vi kom dit skulle vi køyre gjennom Death Valley, Dødens dal. Den lever opp til navnet sitt i aller høgste grad. Det var ikkje mykje som levde der, ikkje som vi klarte å sjå vertfall. Til og med vanen holdt på å svikte oss. Ikkje so rart med tanke på at det var nok godt over 40 grader der. Vi stoppa ei lita stund berre so vi fekk gå ut av vanen å kjenne på heten, men eg skal sei vi lengta fort inn igjen i den svale gode vanen. Vi satte avgårde igjen og retta kursen mot dei gigantiske sequoia treda i Sierra Nevada. Vi stoppa i en av dei overdimensjonerte skogane og gjekk en liten tur, der fann vi litt av noken kjempar. Eit av treda der kunne ein køyre bil gjennom rota på!!

Her er det berre å prøve med bilen.

So bar det vidare mot Yosemite NP.

Zion, Utah


Ei vakker utsikt over en liten del av dalen.


Zion var en utrulig fin plass, med mykje skog og høge bratte fjell som stupte rett ned i smale elveleier djupt nede i mellom fjella. Vi kom på plass seint på kvelden, so det var berre for oss å få opp telta og komme oss i seng.

Tidlig neste morgen, allereie klokka 04.30 gjekk alarmen. Då var det å få opp resten av gjengen og komme seg avgåre før dei store folkemengdene satte seg i bevegelse. Vi var klare til start alt klokka 05.30, då var det eit fjell med det fengande navnet Angels Landing som stod for tur. Det gikk for det meste rett opp, og når det ikkje gjorde det var det rett ned på begge sider av en smal smal rygg.


Her ser ein mesteparten av vegen vi gikk. Vi kom opp gjennom den smale kløfta og fortsatte opp svingane og ut på toppen.



Dette bildet viser litt kor bratt der var.




Angels Landing Trail.

Her får du en liten smakebit av korleis veien opp til det første platået var, og her var det bratt kan du tru.

Samme svingane som over, berre sett ovanfrå.


Her kan du sjå stien som går opp til toppen på Angels Landing.

Det var ingen plass for dei med høgdeskrekk og heller ikkje viss en har problem med balansen eller er klønete til fots. Et eller to feiltrinn og du kunne sei takk og farvel... Men vi kom oss opp, heile gjengen, en etter en, og sistemann var den som fekk mest jubel. Det var vel ingen som hadde trudd at ho kom til å komme seg opp etter at ho hadde fått et aldri så lite sammenbrudd ti minutt etter start. Men til topps kom ho, smilande og veldig godt fornøgd med det. So skulle vi til på turen nedatte. Om det var skremmande å gå denne vegen opp, var det mange gangar verre å gå den nedigjen. Då fekk du heile tida sjå kvar det bar dersom du tråkka feil eller snubla. Men heldigvis kom vi alle sammen fram til bussholdeplassen der vi blei plukka opp og køyrd tilbake til campingplassen.

Grand Canyon, Arizona

Flott utsikt utover Grand Canyon.

Etter å ha sagt hadet bra til Jimmy og familien satte Willie Nelson igang igjen, og vi var på vei mot Grand Canyon. Der møtte det oss et fantastisk syn. Det var omlag som om jorda hadde revna, og den revna var djup! Frå utkikkspunktet der vi stod og heilt ned til Colorado River er det heile 4800 fot, noke som er ca. 1600 m. Vi fann fram til campingen der vi skulle sove og fekk satt opp "teltbyen" vår.

Det var en tidlig start neste morgen, då skulle vi på tur i Grand Canyon. Vi valgte ei moderat rute sidan det ver særdeles varmt og ingen skygge i det heile tatt. Turen tok fem timar frå toppen og til et punkt som heiter The Tip off, som ligg heilt på kanten til den indre dalen i Grand Canyon. Derifrå kunne vi sjå ned på Colorado River som bukta seg avgårde i brune svingar gjennom dalen. Vi kunne ikkje gå lenger sidan vassreservane hadde teke slutt og det var strengt forbode å gå utan vatn.



Her er vi alle tre i eit tre på eit av dei mange utsiktspunkta på veien ned.


Men vi var egentlig nøgde med turen og, det var en ting å gå nedover, men det skulle bli mykje verre å gå oppatte igjen.

Det var gode stiar heile vegen, så det var ingen fare for å gå seg vill.

Men vi kom oss no opp til slutt, trøtte og leide. Vel tilbake på campingen fekk vi høyre at guiden vår, Ben, hadde hatt en litt vel spennande dag. Det hadde nemlig vore en kar å forsynt seg av matreservane våre. Ben hadde fått stoppa han den eine gongen, med en stein i handa, klar til kamp. Men fyren hadde heldigvis sleppt det han hadde i hendene og forklart seg med at han var so svolten. Snill som han var denne guiden vår hadde han tatt han med seg og laga mat til denne stakkaren, som vart veldig glad og stakk derfrå før det blei oppdaga at alle drikkevarene var borte vekk. Snakk om luring...

Det blei en tidlig kveld på meg den dagen. Etter mange seine netter og mykje fysisk aktivitet trengde eg litt ekstra kvile. Morgenen etter skulle vi vidare, men ikkje før alle hadde fått det perfekte bildet av alle dei beitande hjortane som gjekk rundt telta våre.

Ein flott hjort på besøk om morgonen.

Når det var gjort bar det avgårde mot Zion National Park.

Monument Valley, Arizona

Jimmy syng tradisjonelle Navajo-sangar og trommar attåt.



Eit av dei majestetiske fjella i Monument Valley. Ekje heilt sikker på om det en mesa eller en butte.


På veien til Monument Valley køyrde vi strekka der Forest Gump sprang i filmen med samme navn. Vi måtte selfølgelig prøve det vi og.



Her er sjåføren vår, Ben, med vanen som så trufast frakta oss rundt.

Monument Valley var eit storslagent syn etter mange timar med kjedelig flatt land. Der skaut det opp tynne og høge spir (buttes) og store flate fjell (mesas) av den raude ørkensanden. Det var omlag som å bli plassert midt i en gammal western film. Frå turistsenteret var det en fantastisk utsikt utover dei tilsynelatande endelause slettene med mesas og buttes.



Her er Jimmy foran "Dei tre søstre"

Der blei vi presentert for vår personlige Navajo-indianer, Jimmy, som skulle vere guiden vår dei to dagane vi skulle tilbringe i Navajo reservatet. Han tok oss med i jeepen sin på ei vill ferd gjennom ørkenen mellom dei merkelige fjella, og fortalde ei historie om kvart eit einaste fjell vi kunne sjå.





Ekje mykje å leve på i dette landskapet.



Denne hola blei brukt i ein av Indiana Jones-filmane der Indy fell ned i ei grotte som var full i slangar. Dei var heldigvis rydda vekk før vi kom. Dersom ein brukar fantasien litt her kan ein sjå profilen av hovudet til ein indianer, der dei svarte rennene etter vatn dannar håret.



Han viste oss ein stad der det spelt inn ein Indiana Jones film, og gamle innriss i fjellet. Han spelte og song tradisjonelle melodiar og fortalde om kulturen deira opp gjennom historia. Vi fekk servert taco på Navajo-vis til middag hos sjefen til Jimmy og familien hans. Deretter blei vi køyrde opp på toppen av en Mesa der vi skulle sove i en "Hogan", en slags permanent "Tipi" (indianertelt).




Jimmy har funne eit finurlig hol i fjellet, laga av vind og sand.


En Hogan er bygd av heile stammar av sedar-tre som blir lagt oppå kvarandre på en spesiell måte. Sjølve metoden dei bygger etter og måten dei både innreder og brukar en Hogan på har en direkte tilknytning til livssyklusen til mennesket. Inne i en Hogan er der kun tepper på golvet og en ovn i midten. I midten der ovnen står er det ingenting mellom himmel og jord. Med det meinar eg at det er ikkje teppe på golvet der, det er ope rett på bakken. Det er heller ikkje noko tak over, eit ope hol der pipa går ut. Når ein går inn i en Hogan skal en alltid ha ovnen til høgre for seg, på denne måten går en i en slags sirkelbevegelse inne i Hoganen. Dette er også direkte knytta til livssyklusen, der en bevegar seg frå å vere nyfødt til å bli gamal. Slik er det og med ordninga for korleis ein søv inne i en Hogan. Dei yngste søv til venstre for inngangen og dei eldste til høgre. No hugsar eg ikkje alt som blei fortald om livsfilosofien til Navajo-indianarane, men det var utrulig fasinerande å høyre på når Jimmy fortalde om skikkane deira. Eg trur alle sat med gåsehud inne i Hoganen då han fortalde.

Etter planen skulle vi egentlig sove inne i denne Hoganen, men nokre av oss valde å sove ute under open himmel rundt leirbålet. Så etter at Jimmy hadde fortalt alt han hadde på hjertet, spelte han litt for oss og vi fekk prøve å spele sjølve på alle fløytene han hadde med.

Tidlig neste morgen blei vi vekte av Jimmy som pirka forsiktig i bålet. Han sa at dei som ville kunne vere med han ut på kanten av mesaen å sjå på soloppgangen mens han spelte og sang og fortalde gamle historier. Det var en opplevelse eg seint kjem til å gløyme, det synet vi fekk sjå når sola sendte sine første strålar over det raude landskapet og fekk det til å gløde. En ting er vertfall sikkert, eg skal tilbake dit en dag.

Mexican Hat, Utah




Turen vidare frå Moab gikk til en bitteliten ranch midt ute i ørkenen. Dette var Betty og Rusty's cowboycamp. Her slo vi opp telta våre og gjorde vårt beste for å ikkje få all sanden inn i telta, men det var håplaust. Vi var stranda der, midt i ingenmannsland i nesten tre dagar uten dusj og med en primitiv utedo. Men vi var alle i samme båt, og alle lukta like fælt, so det var egentlig ikkje noke å bry seg med. Det var selfølgelig ikkje alle som syntest dette var noke stas, men dei måtte pent finne seg i det. Vi var på en totimers ridetur i solnedgangen, og når en ikkje er herda i baken for slikt, var to timar meir enn nok i salen. Men det var en fin tur, der vi reid forbi Mexican Hat i solnedgangen, eit lenge brukt landemerke for ensomme cowboyar. Om kvelden stod Betty og Rysty for fin underholding med sang og gitarspeling og litt "småkjekling" dei imellom. Dei fortalde mange gode historier som dei hadde samla seg opp gjennom tida dei hadde levd ute blandt krøtter og prærieulv. Det var utrulig koselig å sitte rundt leirbålet å høyre på dei, ei fin avslutning før vi skulle reise vidare til indianerland.

Moab, Utah


Meg framfor Delicate Arch.


Team Norway foran Delicate Arch i Arches NP, Utah.


Neste morgen satte vi kursen ned frå fjella igjen og snudde nasa mot Moab i Utah. Der hadde vi nokre herlige dagar med mykje avslapping etter mange dagar på reisefot. Mens vi var der var vi inn til Arches National Park.



Eg og Ragnhild på toppen av Double-O Arch.


Balancing Rock



Landscape Arch



Delicate Arch ser ikkje så stor ut på avstand, men er imponerande når ein kjem heilt nær.


Landscape Arch sett frå undersida.


Der kan du vandre rundt mellom over 1000 naturlige bogar i raud sandstein i alle fasongar og størrelsar. Dei mest kjende er Delicate Arch og Landscape Arch. Det er eit fantastisk syn når ein står å ser ut over dette heilt spesielle landskapet. Like i nærheten er det eit utkikkspunkt som heiter Dead Horse Point, den døde hests punkt.


Dead Horse Point

Bak dette litt dystre navnet ligg ei eldgamal historie, om ein flokk hestar som var så desperate etter vatn at når dei såg den brune Colorado River bukte seg gjennom dalen langt under dei, kasta dei seg utfor stupet i håp om å slukke tørsten. Derav navnet Dead Horse Point. Det var ei fantastisk utsikt frå dette punktet, og spesielt fint var det å sjå kor fjella rundt blei farga raude av solnedgangen der midt i den ville vesten.


Eg ved Dead Horse Point.

Leirbål i Moab, Utah.

På kvelden fyrte vi opp leirbålet og satt rundt og prata og fortalde litt om oss sjølve.

Telluride, Colorado

Ikkje alle er like begeistra for Willie Nelson...


Vakkert landskap som minner om Norge.



Manglar berre nokre rosete kyr, so er vi heime.


"On the road again, I can't wait to get on the road again..." Den vesle fjell-landsbyen Telluride i Colorado var neste stopp på reisa. På veien dit køyrde vi gjennom landskap som på mange måtar minnte oss om fjellet her heime i Norge. Men då vi kom fram til Telluride, var det ikkje mykje som minnte oss om heime lenger. Då var husa og gatene akkurat slik du forventar dei i USA. Telluride er egentlig ein vinterlandsby, men skitrekk og høge fjell på alle kantar. Men sjølv på sommaren har denne vesla staden tonnevis med sjarm.
Nydelige fargar i fjella rundt Telluride.
Det var tillaga ei gondolbane som tok oss fra sentrum i Telluride til toppen av eit av fjella, og nedatt på andre sida. Der var vi virkelig kommt til luksus. Store hytter så langt du kunne sjå og ikkje nok med at du kunne ta gondolbana over fjellet, du kunne følge den vidare gjennom sentrum, så du slapp å gå så langt viss du ikkje ville. Lenge leve latskapen! Vel vel, vi var ikkje rike nok til å menge oss med innbyggarane på denne sida av fjellet, så vi suste over fjellet igjen og ned til koselige Telluride. Der hadde vi egentlig berre tenkt å slappe av resten av kvelden, men fann plutselig ut at vi skulle overraske guttaboyz ute og bli med dei på en av dei lokale barane. Der blei det biljardturnering og bånnski til langt ut over kvelden, hovedsaklig fordi vi då ikkje lenger var i stand til å skyte kulene ned i hola på vanlig vis. Turen tilbake til campingen er ei historie for seg sjølv, men det kan vel seiast at den delen av gjengen som ikkje var med på galeien meinte det hadde vore en smule høglytt festing og "litt" tuting frå vanen.
Detta var moro!

Wolfie! Han kom fint tuslande ut av skogen til manges skrekk, dei trudde det var ein ulv. Men det synte seg å vere en koselig vofs.

Neste morgen var det tidlig opp og rett på sykkelen, det var tid for litt mountainbiking (terrengsykling). Det kunne nok enkelte av oss ha utsatt en dag eller to, men vi kom oss alle heilskinna igjennom det og var veldig fornøgde med løypa. Det gikk fort og gale her og der, men vi hadde det utrulig moro. Trygt tilbake på campingen var et på tide med en skikkelig hamburger med alt som hørte med, og skal sei det var godt! Som eit eksempel på amerikanarane sin gjestfrihet kan det nevnast at det var mangel på vaskemaskiner på den campingen vi låg på. Men det løyste seg på den måten at vi fekk adressa til en av dei som satt i resepsjonen med den beskjed at det var berre å reise dit, så kunne vi bruke vaskemaskinene der so mykje vi ville. Vi trudde ikkje våre egne øyrer då han sa det, men takka for hjelpa og satte igang med en lenge etterlengta klesvask.

Lene var veldig fornøgd med å få vaska kleda sine.

Så er det på'an igjen...

Kvelden utarta seg mykje som kvelden før, men med litt fleire som hengte seg på, og vi var en god del stillare enn kvelden i forveien. Klok av skade kan en vel kalle det.