Meg og Ragnhild i Disney World, Orlando.
Første del av denne reisa var frå Miami til Orlando. Der hadde vi en heil dag til å utforske det vi rakk over i Disney World. Skal sei det var stort! Vi valgte ut ein liten del av heile dette gigantiske leikeland og vi hadde jammen nok å henge fingrane i den dagen. Vi suste på kryss og tvers, mellom Mikke Mus og Langbein, gjennom en kø til å treffe Donald og forbi et jorde med magiske feiekostar, som rydda!
Magiske kostar som ryddar i Disney World.
Var med på innspeling av en Indiana Jones film og fekk sjå kor dei får lastebilar til å gå i lufta på en trygg måte. For å sei det mildt, vi kunne gått der mykje lenger enn en dag og framleis ikkje rukke over alt... Når dagen var over blei vi plukka opp av Ben og så var det tilbake til campingen og rett i bassenget. Kveldsmaten bestod av pizza og alkoholholdig drikke til, så det vart livlig nok den kvelden.
Monday, April 9, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment