Tidlig neste morgen, allereie klokka 04.30 gjekk alarmen. Då var det å få opp resten av gjengen og komme seg avgåre før dei store folkemengdene satte seg i bevegelse. Vi var klare til start alt klokka 05.30, då var det eit fjell med det fengande navnet Angels Landing som stod for tur. Det gikk for det meste rett opp, og når det ikkje gjorde det var det rett ned på begge sider av en smal smal rygg.



Angels Landing Trail.
Her får du en liten smakebit av korleis veien opp til det første platået var, og her var det bratt kan du tru.
Samme svingane som over, berre sett ovanfrå.
Her kan du sjå stien som går opp til toppen på Angels Landing.
Det var ingen plass for dei med høgdeskrekk og heller ikkje viss en har problem med balansen eller er klønete til fots. Et eller to feiltrinn og du kunne sei takk og farvel... Men vi kom oss opp, heile gjengen, en etter en, og sistemann var den som fekk mest jubel. Det var vel ingen som hadde trudd at ho kom til å komme seg opp etter at ho hadde fått et aldri så lite sammenbrudd ti minutt etter start. Men til topps kom ho, smilande og veldig godt fornøgd med det. So skulle vi til på turen nedatte. Om det var skremmande å gå denne vegen opp, var det mange gangar verre å gå den nedigjen. Då fekk du heile tida sjå kvar det bar dersom du tråkka feil eller snubla. Men heldigvis kom vi alle sammen fram til bussholdeplassen der vi blei plukka opp og køyrd tilbake til campingplassen.
No comments:
Post a Comment