Sunday, April 8, 2007

Mitt første møte med USA

Endelig skulle drømmereisa starte! Vi stod på Gardermoen og studerte avgangstavla gong etter gong. Vi hadde møtt opp litt i tidlegaste laget, so flyet frå Oslo til Newark var ikkje kommt på tavla enda. Men endelig dukka det opp eit kjent navn, Newark flyplass i New York. Det var mellomlandinga vår på vår vidare tur til Miami. Vi raska med oss sakene våre og kom oss på trygt på flyet. Reisa var et faktum.

Flyturen over atlanteren gikk som smurt, ingen hopp eller stup. Problema skulle først starte på den fantastisk store flyplassen (i vår målestokk) Newark. Der fekk vi beskjed om at vi måtte hente bagasjen vår og sjekke inn på nytt før vi kunne fortsette vidare til Miami. Dette skulle vise seg å by på særdeles store problemer. Vi rakk det rett og slett ikkje. Vi hadde spurta gjennom noke som verka som fleire km med korridorar før vi endelig kom til utgangen der flyet vårt stod å venta. Men til vår store skrekk såg vi at dørene blei stengt og personalet var av den lite hjelpsomme sorten. Det hadde ikkje skapt dei store forsinkelsane om dei hadde sluppe oss inn på flyet, men neida, vi måtte pent sjå på at flyet blei taxa ut på rullebana. Vi fekk bytta billettane våre til et fly som skulle gå seinare same kvelden, men gjekk til ein annan flyplass eit stykke utanfor Miami. Så vi satte oss ned for å vente.

Timane gjekk og vi kom oss endelig ombord i flyet som skulle ta oss til Miami. Vel framme lurte vi fælt på kor det var blitt av bagasjen vår i og med at den hadde fulgt det riktige flyet men uten eigarar til å plukke seg opp. Vi fekk ringt personalet på flyplassen og fekk beskjed om at det var berre å komme å hente den, den skulle ligge der en plass. Vel framme etter litt toging og litt haiking med ei vennleg dame på toget var vi klare til å hente våre dyrebare sekkar, fulle med utstyr til fire mnd på loffen. Men var dei der dei skulle vere? Nei. Dei var blitt borte i systemet. Så det var berre å fylle ut en beskrivelse av sekkane og finne hostellet og vente. Det skulle gå heile to dagar før sekkane dukka opp på døra, og då skal eg sei det var tre glade jenter som jubla.

No comments: