
Eit av dei majestetiske fjella i Monument Valley. Ekje heilt sikker på om det en mesa eller en butte.

Monument Valley var eit storslagent syn etter mange timar med kjedelig flatt land. Der skaut det opp tynne og høge spir (buttes) og store flate fjell (mesas) av den raude ørkensanden. Det var omlag som å bli plassert midt i en gammal western film. Frå turistsenteret var det en fantastisk utsikt utover dei tilsynelatande endelause slettene med mesas og buttes.

Der blei vi presentert for vår personlige Navajo-indianer, Jimmy, som skulle vere guiden vår dei to dagane vi skulle tilbringe i Navajo reservatet. Han tok oss med i jeepen sin på ei vill ferd gjennom ørkenen mellom dei merkelige fjella, og fortalde ei historie om kvart eit einaste fjell vi kunne sjå.

Denne hola blei brukt i ein av Indiana Jones-filmane der Indy fell ned i ei grotte som var full i slangar. Dei var heldigvis rydda vekk før vi kom. Dersom ein brukar fantasien litt her kan ein sjå profilen av hovudet til ein indianer, der dei svarte rennene etter vatn dannar håret.
Han viste oss ein stad der det spelt inn ein Indiana Jones film, og gamle innriss i fjellet. Han spelte og song tradisjonelle melodiar og fortalde om kulturen deira opp gjennom historia. Vi fekk servert taco på Navajo-vis til middag hos sjefen til Jimmy og familien hans. Deretter blei vi køyrde opp på toppen av en Mesa der vi skulle sove i en "Hogan", en slags permanent "Tipi" (indianertelt).
Jimmy har funne eit finurlig hol i fjellet, laga av vind og sand.
En Hogan er bygd av heile stammar av sedar-tre som blir lagt oppå kvarandre på en spesiell måte. Sjølve metoden dei bygger etter og måten dei både innreder og brukar en Hogan på har en direkte tilknytning til livssyklusen til mennesket. Inne i en Hogan er der kun tepper på golvet og en ovn i midten. I midten der ovnen står er det ingenting mellom himmel og jord. Med det meinar eg at det er ikkje teppe på golvet der, det er ope rett på bakken. Det er heller ikkje noko tak over, eit ope hol der pipa går ut. Når ein går inn i en Hogan skal en alltid ha ovnen til høgre for seg, på denne måten går en i en slags sirkelbevegelse inne i Hoganen. Dette er også direkte knytta til livssyklusen, der en bevegar seg frå å vere nyfødt til å bli gamal. Slik er det og med ordninga for korleis ein søv inne i en Hogan. Dei yngste søv til venstre for inngangen og dei eldste til høgre. No hugsar eg ikkje alt som blei fortald om livsfilosofien til Navajo-indianarane, men det var utrulig fasinerande å høyre på når Jimmy fortalde om skikkane deira. Eg trur alle sat med gåsehud inne i Hoganen då han fortalde.
Etter planen skulle vi egentlig sove inne i denne Hoganen, men nokre av oss valde å sove ute under open himmel rundt leirbålet. Så etter at Jimmy hadde fortalt alt han hadde på hjertet, spelte han litt for oss og vi fekk prøve å spele sjølve på alle fløytene han hadde med.
Tidlig neste morgen blei vi vekte av Jimmy som pirka forsiktig i bålet. Han sa at dei som ville kunne vere med han ut på kanten av mesaen å sjå på soloppgangen mens han spelte og sang og fortalde gamle historier. Det var en opplevelse eg seint kjem til å gløyme, det synet vi fekk sjå når sola sendte sine første strålar over det raude landskapet og fekk det til å gløde. En ting er vertfall sikkert, eg skal tilbake dit en dag.
No comments:
Post a Comment