
Det var en tidlig start neste morgen, då skulle vi på tur i Grand Canyon. Vi valgte ei moderat rute sidan det ver særdeles varmt og ingen skygge i det heile tatt. Turen tok fem timar frå toppen og til et punkt som heiter The Tip off, som ligg heilt på kanten til den indre dalen i Grand Canyon. Derifrå kunne vi sjå ned på Colorado River som bukta seg avgårde i brune svingar gjennom dalen. Vi kunne ikkje gå lenger sidan vassreservane hadde teke slutt og det var strengt forbode å gå utan vatn.
Her er vi alle tre i eit tre på eit av dei mange utsiktspunkta på veien ned.
Men vi var egentlig nøgde med turen og, det var en ting å gå nedover, men det skulle bli mykje verre å gå oppatte igjen.
Det var gode stiar heile vegen, så det var ingen fare for å gå seg vill.
Men vi kom oss no opp til slutt, trøtte og leide. Vel tilbake på campingen fekk vi høyre at guiden vår, Ben, hadde hatt en litt vel spennande dag. Det hadde nemlig vore en kar å forsynt seg av matreservane våre. Ben hadde fått stoppa han den eine gongen, med en stein i handa, klar til kamp. Men fyren hadde heldigvis sleppt det han hadde i hendene og forklart seg med at han var so svolten. Snill som han var denne guiden vår hadde han tatt han med seg og laga mat til denne stakkaren, som vart veldig glad og stakk derfrå før det blei oppdaga at alle drikkevarene var borte vekk. Snakk om luring...
Det blei en tidlig kveld på meg den dagen. Etter mange seine netter og mykje fysisk aktivitet trengde eg litt ekstra kvile. Morgenen etter skulle vi vidare, men ikkje før alle hadde fått det perfekte bildet av alle dei beitande hjortane som gjekk rundt telta våre.
Ein flott hjort på besøk om morgonen.
Når det var gjort bar det avgårde mot Zion National Park.
No comments:
Post a Comment