Monday, April 9, 2007

Las Vegas, Nevada

Neste morgen satt alle spente på kva som venta oss denne dagen. Dette var dagen vi skulle inn til verdens største pengesluk, og et symbol på en del av amerikansk kultur, Las Vegas.



Vi kom fram til Las Vegas utpå ettermiddagen en gong, akkurat tidleg nok til at dei som ville det rakk å ta seg en tur til ein av dei gigantiske "shoppingbyane" rett utanfor sentrum. Vanlegvis ser ein for seg eit stort shoppingsenter, men her var det gate på gate med "outlets", eller som vi seier, fabrikkutsalg. Kle er i det store og det heile en del billegare i USA enn her heime, men når du attpåtil somlar deg inn på eit outlet, blir prisane latterlege. Men det skal vel vere sagt at det som blir solgt på eit outlet er stort sett fjorårets mote, så heilt moderne blir du kanskje ikkje, men ein kan finne mykje fint fordet. Vi var vertfall på jakt etter noke å kle seg opp med når vi skulle på kasino i Las Vegas. Vi kunne liksom ikkje komme tuslande i en slitt shorts og slippersa. Vi leita og leita, og til slutt fann no alle noke dei kunne seie seg fornøgde med. Så var det tilbake til hotellet vårt, som var en smule nedslitt, men heilt greit til sitt bruk. Full fart for å rekke en middag og so var det ut på livet for dei som var klare for det. Eg orka ikkje noke tur ut den første kvelden, men fekk meg en tur på kasino neste kveld, etter en veldig spennande dag.



Dag nummer to i Las Vegas starta tidlig for Team Norway sin del. Vi hadde nemlig bestillt tur opp i et lite fly over Hoover Dam for so å hive oss ut og nyte utsikten. Vi skulle egentlig opp alle tre, men på grunn av en sur misforståelse der det synte seg å berre vere plass til to i flyet, blei det berre meg og Ragnhild som hoppa. Det var litt av et kick! Det var en herlig følelse og sveve, fri som fuglen ned mot jorda, i full fart, men samtidig vete at det var heilt trygt. Han duden som hang fast på ryggen min ville vel aldri slenge seg ut av et fly viss han ikkje mente det var trygt, og han visste ka han dreiv med. Etter eit vellykka hopp spanderte Ben en bedre lunch på oss, så vi drog til Hilton Hotel og fråtsa i lunch-buffèten der. Det var en nydelig buffèt, virkelig verdt kvar ei krone... Men so slapp vi jo å betale sjølve og då. På kvelden var det som nevnt en tur ut på livet, The Strip, og selfølgelig på kasino. Det var dei av oss som faktisk klarte å vinne peng på heile greia, men eg var nok dessverre ikkje en av dei.



Etter å ha slått ut håret i Las Vegas bar dem mot litt meir naturlige utfoldelsar i Yosemite National Park. Men før vi kom dit skulle vi køyre gjennom Death Valley, Dødens dal. Den lever opp til navnet sitt i aller høgste grad. Det var ikkje mykje som levde der, ikkje som vi klarte å sjå vertfall. Til og med vanen holdt på å svikte oss. Ikkje so rart med tanke på at det var nok godt over 40 grader der. Vi stoppa ei lita stund berre so vi fekk gå ut av vanen å kjenne på heten, men eg skal sei vi lengta fort inn igjen i den svale gode vanen. Vi satte avgårde igjen og retta kursen mot dei gigantiske sequoia treda i Sierra Nevada. Vi stoppa i en av dei overdimensjonerte skogane og gjekk en liten tur, der fann vi litt av noken kjempar. Eit av treda der kunne ein køyre bil gjennom rota på!!

Her er det berre å prøve med bilen.

So bar det vidare mot Yosemite NP.

No comments: