Ikkje alle er like begeistra for Willie Nelson...
Vakkert landskap som minner om Norge.
Manglar berre nokre rosete kyr, so er vi heime.
"On the road again, I can't wait to get on the road again..." Den vesle fjell-landsbyen Telluride i Colorado var neste stopp på reisa. På veien dit køyrde vi gjennom landskap som på mange måtar minnte oss om fjellet her heime i Norge. Men då vi kom fram til Telluride, var det ikkje mykje som minnte oss om heime lenger. Då var husa og gatene akkurat slik du forventar dei i USA. Telluride er egentlig ein vinterlandsby, men skitrekk og høge fjell på alle kantar. Men sjølv på sommaren har denne vesla staden tonnevis med sjarm.
Nydelige fargar i fjella rundt Telluride.
Det var tillaga ei gondolbane som tok oss fra sentrum i Telluride til toppen av eit av fjella, og nedatt på andre sida. Der var vi virkelig kommt til luksus. Store hytter så langt du kunne sjå og ikkje nok med at du kunne ta gondolbana over fjellet, du kunne følge den vidare gjennom sentrum, så du slapp å gå så langt viss du ikkje ville. Lenge leve latskapen! Vel vel, vi var ikkje rike nok til å menge oss med innbyggarane på denne sida av fjellet, så vi suste over fjellet igjen og ned til koselige Telluride. Der hadde vi egentlig berre tenkt å slappe av resten av kvelden, men fann plutselig ut at vi skulle overraske guttaboyz ute og bli med dei på en av dei lokale barane. Der blei det biljardturnering og bånnski til langt ut over kvelden, hovedsaklig fordi vi då ikkje lenger var i stand til å skyte kulene ned i hola på vanlig vis. Turen tilbake til campingen er ei historie for seg sjølv, men det kan vel seiast at den delen av gjengen som ikkje var med på galeien meinte det hadde vore en smule høglytt festing og "litt" tuting frå vanen.

Detta var moro!
Wolfie! Han kom fint tuslande ut av skogen til manges skrekk, dei trudde det var ein ulv. Men det synte seg å vere en koselig vofs.
Neste morgen var det tidlig opp og rett på sykkelen, det var tid for litt mountainbiking (terrengsykling). Det kunne nok enkelte av oss ha utsatt en dag eller to, men vi kom oss alle heilskinna igjennom det og var veldig fornøgde med løypa. Det gikk fort og gale her og der, men vi hadde det utrulig moro. Trygt tilbake på campingen var et på tide med en skikkelig hamburger med alt som hørte med, og skal sei det var godt! Som eit eksempel på amerikanarane sin gjestfrihet kan det nevnast at det var mangel på vaskemaskiner på den campingen vi låg på. Men det løyste seg på den måten at vi fekk adressa til en av dei som satt i resepsjonen med den beskjed at det var berre å reise dit, så kunne vi bruke vaskemaskinene der so mykje vi ville. Vi trudde ikkje våre egne øyrer då han sa det, men takka for hjelpa og satte igang med en lenge etterlengta klesvask.

Lene var veldig fornøgd med å få vaska kleda sine.

Så er det på'an igjen...
Kvelden utarta seg mykje som kvelden før, men med litt fleire som hengte seg på, og vi var en god del stillare enn kvelden i forveien. Klok av skade kan en vel kalle det.
No comments:
Post a Comment