

Det var ein lang køyretur der vi kryssa tre delstatsgrenser, Florida-Alabama, Alabama-Missisippi og Missisippi-Louisiana. Vi kunne sjå når vi nærma oss New Orleans kor Katrina hadde snudd opp ned på tilverelsen til dei som budde der. Det var store områder utanfor byen som framleis stod slik som Katrina etterlot dei, knuste og ødelagde.

Heile hus låg i ruinar, tred som låg overende og ikkje minst teikna etter at husa hadde vore gjennomsøkt etter overlevande. Etter kvart som vi nerma oss sjølve bykjernen var det meste oppe og gjekk igjen. Skadane inne i byen såg vi ingenting til, einaste minnemonumenta etter dei som hadde omkommt, og det var ikkje så reint få.

New Orleans viste seg å vere ein særdeles fargerik by. Det skulle mykje til for å skille seg ut blant folket der. No var ikkje vi der under den store Mardi Gras-festivalen, men vi fekk likevel eit godt innblikk i det pulserande nattelivet og den typiske jazz- og blues-kulturen deira.


Det var artig å sjå kor tilbakelent livsstilen deira var. Det var ikkje noko uvanlig syn å sjå at det sat ein kar på trappa og kika på livet i gatene mens han tende pipa. Dette var og en av dei få plassane på heile turen vi fekk den luksusen av å ligge på hotell. Og skal sei det var litt av ei innlosjering.

Det var ikkje noko luksus hotell, men større senga har vertfall eg aldri sett før... Det var ei gigantisk "kingsize bed" til kvar av oss, pluss ei til å slenge ifrå seg kle og anna rot på. Veggane var fulle i bøker om historia til byen og innbyggarane der, så det var berre å slå seg laus. Det gjorde vi, men bøkene fekk stå urørte. Vi måtte ha oss en kveld på byen der vi måtte prøve den største drinken vi noken gong hadde fått servert, "Handgranate" og "Hurricane".

Det var dei mest populære drinkane på gata, og vi hadde ingen problemer med å forstå kvifor... Dei var billige, verka aldri å ta slutt, og når dei en gang tok slutt, trengde du ikkje kjøpe noken ny, det var fullstendig nok med en.
No comments:
Post a Comment