Morgenen etter var vi klare for sjarmøretappen, siste reisa vår inn til San Fransisco. Det var både litt trist og godt på same tid. Trist fordi vi hadde fått nye venner som vi nok aldri kom til å sjå att, og godt sidan enkelte var bjynt å bli veldig travle og sytete på slutten.
Vi kom inn til den frisinna byen, en gang staden der hippar strøymde til og der det fortsatt heng igjen nokre av denne sorten. Vi køyrde forbi Fisherman's Wharf, San Fransisco's store turistfelle, og vidare ut til sjølve symbolet på San Fransisco, Golden Gate Bridge.
Golden Gate Bridge i San Fransisco, California

Meg, Ben, Ragnhild og Lene foran Golden Gate Bridge.

Team Norway!

En av dei mange bratte bakkane i sentrum av San Fransisco.
Det var ikkje så langt ifra der dei andre frå turen hadde innlosjert seg så vi klarte å holde kontakten litt lenger. Denne siste kvelden var vi ute på byen og åt en bedre middag på en vietnamesisk resturant, så var det en siste tur ut på livet.
Morgenen etter fekk eg spørsmål om eg ville vere med på en baseball-kamp, noke eg selfølgelig takka ja til. Eg hadde no aldri vore med på noke sant før, so dette skulle bli moro. Kvelden kom og eg og Ben fann oss en buss som gjekk til stadion. Der var det alt bjynt å samle seg opp med folk. Vi hadde møtt ekstra tidlig opp sidan vi måtte kjøpe oss billettar, så vi hadde et par timar å slå ihjel før dei opna dørene.
Ben ville prøve politibil...
Vi tok oss ei runde rundt i byen og såg oss om før vi snudde tilbake og stilte opp foran porten. Ved inngangen fekk vi, som en av dei tjue tusen første som møtte opp, utdelt ei nikkedukke av ein av spelarane på San Fransisco Giants, en fin souvernir.
Vanvittig med folk!
Min første baseballkamp.
Eg vart overraska over kor mykje folk der var. Tribunene var fulle og eg har aldri sett so mykje folk på en plass før. Det var heilt vanvittig! So starta kampen. Eg som ikkje har peiling på verken regla eller vanlig oppførsel på en slik kamp, fant det best å ikkje heie på verken det eine eller det andre laget... Men eg kom no inni det etter kvart, og fann ut at det her virkelig var morro. På slutten var eg omlag på lik linje med dei som sat ved sida av meg. Eg fekk tilogmed sjå ein homerun! Ekje verst på fyste kampen.
Jeremy og Chi nyt deilig fiskesuppe i sourbread på Fisherman's Wharf.
Alcatraz, fengselet der ingen kunne rømme fra.
Neste dag brukte vi flittig til inspeksjon av det som var hovedattraksjonane i byen. Vi følgde trikk og reiste ut til Alcatraz, åt på Fisherman's Wharf og selfølgelig handla en heil del souvervira. Så kom då den dagen vi skulle reise vidare til vårt neste mål, Cuba. Som vanlig hadde vi det med å vere en smule treige, so vi fekk litt hastverk med å rekke flyet. Men heldigvis gjekk det bra denne gongen og.
No comments:
Post a Comment