Monday, April 9, 2007

Old Town, Florida

Neste dag var det en tidlig start for å komme oss avgarde til neste mål, ein liten plass som heiter Old Town. Der skulle vi overnatte på terrassen til ein koselig familie som dreiv med kanopadling. Vi kom der tidlig så det var berre å hive seg i kanoen og sette iveg med en gang. Vi skulle padle nedover i elv for å kike etter alligatorar, men alt vi såg var ein oppblåst død sak som kunne vere en ally, deretter berre kalla "dead ally". Etter fire timar med padling kom vi fram til ei naturleg kilde med ferskvatn som kom opp frå ei grotte. Der var det på tide med eit riktig forfriskande bad. Vatnet synte seg å vere iskaldt men heilt herlig for oss som er vande med ein forfriskande dukkert. Selfølgelig måtte vi prøve å dukke ned i grotta der kilden var, men det skulle syne seg å vere umulig. Ifølge dei som såg etter staden var grotta fleirfoldige meter djup. Det einaste vi såg var eit stort mørkt hol under oss som syntest umulig å dykke ned i, straumen var nok for sterk. Etter at alle var meir eller mindre nedkjølt etter den kalde dykkerten, satte vi oss i kanoen igjen og padla over elva til ein møtestad der vi blei plukka opp. Så bar det rett "heim" til terrassen der det stod en fantastisk middag å venta på oss, fahjitas eller noke slikt. Godt var det vertfall!

No comments: