Monday, April 9, 2007

Miami, Florida


Vi hadde ei knapp veke til å late oss på South Beach og sjekke ut Miami. Det meste av tida brukte vi på å ligge å sole oss, vertfall det vi orka. Temperaturen og luftfuktigheten gjorde det nesten uutholdelig å ligge i sola meir enn fem minutt i slengen, så det blei hyppige turar ut i vatnet for å kjøle seg ned. Men det hjalp ikkje so mykje. Det nydelige turkise vatnet holdt en temperatur på heile 29 grader, så so veldig avkjølande var det ikkje akkurat.

Siste dagen i Miami var den dagen vi skulle møte resten av gjengen vi skulle reise saman med dei neste 21 dagane. Det viste seg å vere en godt mixa gjeng, dei fleste var en del yngre enn oss, men verka til å vere greie folk.
Dei som var med:
Lene Edvardsen (erfaren backpacker, 25 år frå Eid, Norge)
Ragnhild Kjøde (gala dame, 26 år frå Kjødepollen, Norge)
Marita Hatlenes(meg, 25 år frå Stårheim, Norge)
Ben Kuchta (sjåfør og guide, 32 år frå Wisconsin, USA)
Jeremy Foster (einaste guten, 23 år frå Australia)
Phillippa Riley (framtidig skuespiller, 22 år fra London, England)
Chihiro Omi (Chi! alltid uskuldig, 22 år frå Tokyo, Japan)
Karen Kvakkman (bortskjemt tulle, 20 år frå Amsterdam, Nederland)
Katie Dodge (til slutt fornuftig jente, 20 år frå Australia)

Her er heile gjengen samla etter pizza og litt god drikke.



Dei neste tre vekene skulle vi tilbringe saman med denne fargerike gjengen. Vi skulle sitte i same trange vanen i gjennomsnitt seks timar for dag, og eg er glad det ikkje var fullt på denne turen. Det var fortsatt plass til to til, men då hadde det blitt forferdelig trangt inne i vanen. Vi fekk litt ekstra plass til å strekke på beina og legge oss ned å sove innimellom.

No comments: