Etter ei god natts søvn, nesten ute under open himmel, var det på tide å lesse opp vanen igjen og komme oss vidare til neste mål, Panama City. Vi kom fram på kvelden og satte opp telt og byrja på middagen. Denne dagen var det eg og Ragnhild som hadde ansvaret for matlaginga og diska opp med spagetti og kjøttdeig med ein god saus til. Det blei heldigvis ein suksess, alle likte maten og der var meir enn nok til alle sammen. Vi diskuterte om vi skulle hoppe i vatnet sidan temperaturen låg over 30 grader seint på kvelden, men det blei droppa, vi var ikkje heilt sikre på om vatnet var reint. Vi kom oss gjennom natta på eit vis, mykje svetting og banning som blei avløyst av hyl på grunn av plutselig flygande isbitar (noken hadde brutt seg inn i kjøleboksen og funne ut at det kunne vere moro med en liten krig, den blei godt mottatt).
Neste dag skulle vi på stranda. Den låg berre et lite stykke unna campingen. Stranda i Panama City var utrulig fin. Det var kvite sandbankar så langt auget kunne sjå, og ikkje var der mykje folk heller, berre oss og kanskje ei handfull til. Vatnet var herlig varmt og bølgene var såpass store at vi syns det var verdt å leike seg litt i dei. Men skepsisen synte seg straks noken ropte et eller anna om en finne i vatnet... Alle kom seg på land og stod i vannkanten å speida utover. Plutselig hoppa der en delfin opp av vatnet, til alles store lettelse, vi kunne bade igjen. Dette var en herlig dag. Berre rein avslappning før vi skulle avgårde igjen, denne gangen til den orkanramma byen New Orleans.
Monday, April 9, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment