Neste morgen satte vi kursen ned frå fjella igjen og snudde nasa mot Moab i Utah. Der hadde vi nokre herlige dagar med mykje avslapping etter mange dagar på reisefot. Mens vi var der var vi inn til Arches National Park.
Landscape Arch
Landscape Arch sett frå undersida.
Der kan du vandre rundt mellom over 1000 naturlige bogar i raud sandstein i alle fasongar og størrelsar. Dei mest kjende er Delicate Arch og Landscape Arch. Det er eit fantastisk syn når ein står å ser ut over dette heilt spesielle landskapet. Like i nærheten er det eit utkikkspunkt som heiter Dead Horse Point, den døde hests punkt.

Dead Horse Point
Bak dette litt dystre navnet ligg ei eldgamal historie, om ein flokk hestar som var så desperate etter vatn at når dei såg den brune Colorado River bukte seg gjennom dalen langt under dei, kasta dei seg utfor stupet i håp om å slukke tørsten. Derav navnet Dead Horse Point. Det var ei fantastisk utsikt frå dette punktet, og spesielt fint var det å sjå kor fjella rundt blei farga raude av solnedgangen der midt i den ville vesten.

Eg ved Dead Horse Point.

På kvelden fyrte vi opp leirbålet og satt rundt og prata og fortalde litt om oss sjølve.
No comments:
Post a Comment