
Eg og Ragga er i full gang med prosjekt "Klubb".
Trur nok d e fyste gongen ditta har vore laga i dinna skogen...
Det var vår tur å diske opp med middag igjen. Vi hadde en liten spørrerunde angåande om det var greit at vi lagde ein gammal norsk tradisjonsrett der djupt inne i dei Texanske skogane, og resultatet blei positivt. Alle var veldig spent på den norske maten, heilt til dei fekk smake. Det blei nemlig kokt ihop klubb/raspeball/kompar eller kva ein no vel å kalle det. Vi mangla riktignok salt, so den blei en smule tam, men heilt grei etter norsk standard. Men det var vel stort sett berre vi og vaskebjørnane som syntest dette var egna som mat, dei andre var ikkje fullt så begeistra.
Viss det ser ut som en banditt, e det heilt sikkert en...
Det var nemlig vaskebjørnane i skogen som stakk av med restane i nattens mulm og mørke... Snakk om banditta...
No comments:
Post a Comment