Monday, April 9, 2007

Amarillo, Texas

Her er vi klare til avreise frå dei djupe skogane i Tyler, Texas.

Etter ei lang og svært varm natt i hytta var det på'n igjen. Samme rutinane som alle dei andre dagane. Laste opp bilen og rydde vekk boss etter oss. So var vi på vei til Amarillo med Willie Nelson's "On the road again" ljomande ut av høgtalarane. Det var ikkje fritt for at det blei allsang av denne låta, vi spelte den kvar ein einaste gong vi starta på en etappe, so vi kunne den allereie ganske godt.

Ekje so reint lite vatn i den skya der gitt...

Vel framme i Amarillo såg vi oss nødt til å leige ei hytte i staden for å slå opp telt. Det var eit ruskeveir uten like, en skikkelig "thunderstorm".

Slik såg det ut etter en aldri så liten thunderstorm i Texas.

Skikkelig utstyr frå Bergans of Norway måtte til når ein skulle til på middagen i slikt vær.

Sidan dette var ein fullstendig "på landet"-by var det ikkje akkurat det store utvalget av ting og ta seg til med, so vi køyrde litt feil og litt meir feil før vi endelig fann fram til ei bowlingbane. Det var nok det største antall besøkande dei hadde hatt der på ei stund, så dei var veldig serviceinnstillte. Ville vi ha noke å drikke på, ja så bokstavelig talt sprang dei for å hente det. Slett ikkje verst.

På vår lange vei vidare tok vi oss en liten svipptur innom Route 66, berre for å ha køyrd på den.

Dette er eit litt spesielt jorde kan ein vel sei. Nokre sår poteter og andre sår gamle bilar...

No comments: