
Vel framme såg vi for det meste berre skog og granitt, men etter en tur inn til Yosemite Valley og ein fantastisk tur opp på Half Dome, vart inntrykket straks endra. Det opna seg en verden av fantastiske framtidige fjellturar og ei utsikt ulik noke anna eg har sett.

Det var gigantiske granittkolossar so langt auget kunne sjå, og 4000 fot (1300 m) under nasetippen låg Yosemite Valley, ein vakker grøn dal med elva Merced River i midten. Toppen på Half Dome ligg 8800 fot over havet (2900 m.o.h.). Turen opp på toppen av Half Dome tok omlag fire timar.

Ein av dei vakre fossane på vei opp til Half Dome.

Dei første par timane var variert terreng der det veksla mellom bratte bakkar og flate strekker. Dei to neste timane gikk rett oppover, og då særleg den siste halve timen. Der gikk vi og holdt oss i to virar som var strekte opp for sikkerhetens skuld, men det hadde vore umulig å ta seg opp til toppen utan klatreutstyr dersom desse virane ikkje var der.

Trass alt slitet var det virkelig verdt kvar einaste svettedråpe når vi nådde toppen. Det var fantastisk!

Det var en herlig følelse å stå på toppen av Half Dome.
Etter denne strabasiøse turen var det godt å sette seg ned på ei pizza-sjappe nede i sentrum. Resten av kvelden blei rein avslapping og skvaldring rundt bålet.
No comments:
Post a Comment